FolkOrg søkjer dagleg leiar

Utgått

FolkOrg har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrke deira rolle og vilkår i samfunnet, og med det fremje både kulturarv og god folkehelse.

FolkOrg arbeider for mange målgrupper: lokale lag, profesjonelle utøvarar, barn, unge, eldre, kulturskular og arrangørar, og har omlag 4500 enkeltmedlemmar og 150 lokale spel- og dansarlag over heile landet. FolkOrg har tre hovudarrangement; Landskappleiken, Landsfestivalen i gammaldansmusikk og bransjetreffet Folkelarm, og gjev ut magasinet Folkemusikk. Administrasjonen tel sju tilsette, og hovudkontoret held til midt i Oslo sentrum.

Send søknad

Vil du leie arbeidet med å sikre den immaterielle kulturarven i Noreg? Vil du vere med på å gjere vår folkemusikk og folkedans kjend og synleg både nasjonalt og internasjonalt?

FolkOrg søkjer ein kulturinteressert, røynd, trygg og engasjert dagleg leiar til å drifte og utvikle organisasjonen. Vi søkjer deg som ønskjer å nytte kompetansen din til å styrkje ein viktig del av den norske kulturarven, og medverke til å sikre kulturpolitisk gjennomslag for programmet vårt, arbeidet vårt og medlemmane våre.

FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans, har ei mangfaldig og svært engasjert medlemsmasse som kontinuerleg jobbar for å skape gode og varierte kulturopplevingar i heile landet.

Røynsle frå folkemusikk- og folkedansfeltet er ikkje eit krav, men for å lukkast i rolla er det viktig at du har ei genuin interesse for sjangeren, og at du forstår verdien av arbeidet vi gjer. Dagleg leiar skal i det daglege stå i spissen for å styrke FolkOrg sitt arbeid og auke oppslutninga om organisasjonen i heile landet.

Vi søkjer deg som har solid leiarrøynsle og røynsle med økonomistyring. Vidare ser vi gjerne at du har røynsle frå politisk påverknadsarbeid, og at du har sansen for å ta ei synleg rolle i media og delta i relevante debattar.

Du kommuniserer godt, og er ein stødig, samlande og engasjert leiar både for administrasjonen og for våre medlemmar.

Vi kan tilby ei spennande og utfordrande leiarstilling i ein organisasjon med brei kontaktflate både nasjonalt og internasjonalt, og eit sterkt fagmiljø på kontoret sentralt i Oslo sentrum. Dagleg leiar rapporterer til styret i FolkOrg. Stillinga er fast.

Vi veit at mangfald skapar betre resultat, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Spørsmål om stillinga kan rettast til våre rekrutteringsrådgjevarar hjå Hodejegerne, Åsta Braathen, tlf.: 989 01 025, eller Elisabeth Lien, tlf.: 481 33 390.

Søknadsfrist snarast, og seinast 12. mars. Vi inviterer relevante kandidatar til samtale så fort søknadene kjem inn, så søk gjerne så snart som mogleg. Byrjing etter avtale.

Send søknad
Åsta Braathen

Åsta Braathen

Partner / daglig leder +4798901025
Elisabeth Lien

Elisabeth Lien

Seniorrådgiver +4748133390